Hjem » Sommerstemning » Velkomen til ei kjekk veke på Voss
Sponset

Kom til Voss og kjenn på vinden, vatnet og fjellet. Her i vakre Vossabygda kan me endeleg ynskje velkommen til Ekstremsportveko igjen siste veka i juni. Ei veke laga for fart og spenning, familievenlege aktivitetar, mykje god musikk og fantastisk stemning. 


– Her har me noko for alle, frå minstemann til bestemor. Uansett aktivitetsnivå så finn me noko som passar. Her er padling, seglflyging, sykling, yoga og tur. Vel det du vil, seier aktivitetskoordinator Georg Hernes.

Ein familievenleg festival

Sjølv om det er dei mest adrenalinfylte aktivitetane og musikkprogrammet Ekstremsportveko er kjent for, har aktivitetsprogrammet noko for heile familien. Her er alt frå dei mest fartsfylte konkurransane til svev i seglfly som berre kitlar litt blidt i magen. Det er og opent for leik i aktivitetsparken, og du kan bade og oppleve fine stølsturar i Vossafjella. 

– Det vert mykje kult å sjå på, og det er ganske unikt at me har eit tilbod som passar for alle, anten du likar ekstremsport, gå på konsertar eller berre vil oppleve noko nytt i livet. Mykje av sportsprogrammet kan du sjå på heilt gratis, og alle aktivitetane våre er lågterskel med «TRY it» nivå for deg som er heilt uerfaren og vil prøva ut noko nytt, forklarar aktivitetskoordinatoren. 

– Me har aktivitetar på bakken, på vatnet og i lufta. Seglfly, kajakk, kano, klatring og sykling. Her er noko for alle, også dei heilt uerfarne. Alt frå dei største adrenalinkicka til roleg yoga, seier Hernes og smiler.

Sportsprogrammet byr på mykje gøy å sjå på, med blant anna verdsmeisterskap i elvekajakk, Europacup i utforsykling og Noregscup i seglflyging. 

– Longboard i Skjervet er ganske heftig å sjå på. Og i år har me for fyrste gong ein konkurranse med para-klasse, under Noregscup downhill skateboarding i Skjervet, fortel Hernes. 

For om du har ei nedsett funksjonsevne, så vil Ekstremsportveko forsøka å leggja til rette for at du og kan delta i aktivitetane. 

Foto: VossActive

For barn og ungdom

Aktivitetsprogrammet har mykje å by på for barn og unge. Alt frå sykling på fine grusvegar til utforsyklinng og pumptrackbane i Myrkdalen. Det er og anledning til å prøva seg i ein multisport konkurranse med padling, springing og sykling i team, eller kva med familierafting eller ein kanotur, gjerne kombinert med eit bad.  

– Me har og TRY longboarding og TRY seglflyging for dei som likar at det kitlar i magen, smilar Hernes. 

Foto: VossActive

Ekstrem eldrebuss

Ekstrem eldrebuss er eit tilbod for dei eldre til å bli med på ein busstur rundt på dei ulike sportsarrangementa og oppleve dei som tilskodar. Turen vert avslutta med middag og kaffi i festivalområdet. 

– Me har og eit program i Flåm der du kan bli med ut i båt på Nærøyfjorden og få underhaldning både på båten og i lufta når fallskjermhopparane kjem flygande, seier Hernes. 

Ta toget til Voss

Den vakre Vossabygda når du med bil og med tog. Vel du toget, vert du sett av midt i sentrum, berre nokre steinkast frå Prestegardslandet der all moroa skjer. 

– Alle aktivitetane våre skjer rundt omkring i bygda, maks ein times veg unna. Mykje har gangavstand frå sentrum, noko har vi busstransport til. Eller du kan sykle om du vil, ler Hernes. 

På festivalområdet i sentrum kan heile familien oppleve musikk og morosame aktivitetar, bading og leik. Her er også kort veg til Gondolen som tek deg opp på fjellet på ein augneblink. La Ekstremsportveko bli din sommarflørt i år. Kom til Voss 26. juni til 3. juli.

Foto: VossActive

Tekst: Merete Låstad

Neste artikkel