Hjem » Sommerstemning » Jan Fredrik Karlsen: Voss eit ferieparadis for action!
Sponset

For 10 år sidan oppdaga Jan Fredrik Karlsen Voss. Når ein vert kjent med Vossingane er det fort gjort å bli ein fast gjest.
-Drar du til Voss så vert du der heile opphaldet, seier Karlsen. 

-Her møter du ikkje køar med turistar, men lokale folk som hoppar ut av fly og padlar utfor fossefall heile året – og dei vil ha deg med, seier Jan Fredrik Karlsen. Vossingane elskar å vise fram bygda si og det er nettopp derfor du bør dra til Voss. 

Foto: Visit Voss

Jan Fredrik Karlsen oppdaga Voss for om lag 10 år sida. Den gong hadde han nyleg byrja med fallskjermhopping, og den nye vindtunnelen på Voss var perfekt for å trena på luftsport. Han oppdaga raskt at Voss var ein spesiell stad. 

– Voss er ein kulturinstitusjon, som har investert utruleg mykje i bygda si. Det er så mykje å gjera her! fortel Karlsen entusiastisk. 

Sjølv har Jan Fredrik eit par ting han må få med seg kvar gong han er på Voss. -Eg må innom Park Hotell, den vinkjellaren er jo verdt turen i seg sjølv. Også må eg sjølvsagt hoppe i fallskjerm hjå Voss Fallskjermklubb og eta på Store Ringheim og Vangen Café, seier han. 

Foto: Unsplash

Voss er også ein perfekt base om du vil på dagsturar til Hardangerfjorden og til byen. Bergen ligg kun 1t og 10min unna, med tog. Skal han på ferie tar han gjerne med seg venner og familie til Voss, då kan han vise dei akkurat kvifor han er så glad i bygda.

Ta i bruk heile bygda og meld deg på kurs

Jan Fredrik Karlsen bur på austlandet, men seier han får ei kjensle av å komme heim når han kjem til Voss. Vossingane er tydelegvis einige: Han ynskjer å møte Visit Voss på Vangen Café, han fortel at han alltid må innom der for å ete omelett. Under måltidet kjem det fleire bort og helsar på, ikkje fordi han er eit kjent fjes, men fordi dei faktisk kjenner han etter mange Vossabesøk dei siste ti åra. Det er heilt tydeleg at Voss er hans andre heim.  

Foto: Anders Mosling / Visit Voss

Ynskjer du å bli ein deltids-vossing har Jan Fredrik fleire gode tips. Først og fremst må du ta i bruk heile bygda, både naturen, aktivitetar, maten og drikka. 

– Snakk med guidane og dei som jobbar der, dei er så utruleg stolt over det dei driv med, og det er skikkeleg gøy. Om du ikkje alt driv med ein av dei mange aktivitetane Voss byr på, bør du melda deg på eit kurs, tipsar han. 

Karlsen fortel lidenskapleg om kor inkluderande ekstremsportmiljøa er, og korleis klubbane på Voss har fått til noko heilt unikt. Både Voss Fallskjermklubb og vindtunnelen har ein heilt spesiell identitet og skil seg ut på landsbasis. I tillegg er naturen veldig fin og variert. 
– Det er ganske spesielt å kaste seg ut fra et fly der du har fjell med kvite topper rundt deg og dalen som er helt grønn under deg, beskriv han.
Karlsen fortel om mange kjekke turar til ekstremsportbygda og det er heilt tydeleg at det snart skal det bli fleire minner i banken.

-Eg skal på Ekstremsportveko, også skal eg delta på NM i fallskjermhopping i august. Eg kjem også tilbake i 2023 som tilskodar på EM i fallskjermhopping, avsluttar Karlsen. 

Foto: Visit Voss

Neste artikkel