Den store utfordringa alle småkommunar står overfor handlar om å få ung arbeidskraft til å flytta til akkurat deira kommune. I Bremanger, nord i Vestland fylke, har dei funne nokre attraktive løysingar.
Bremanger kommune bruker årleg ti millionar på tiltak som gjer kommunen til den beste plassen for unge folk å boltre seg på.
For få år sidan budde Ronja Strandberg og Eirik Førde Rylandsholm i ei leilegheit på 50 kvadrat i Sogndal. Den kosta dei 3,5 millionar. I dag har dei eit heilt hus i Kalvåg, som ville ha kosta innpå fem millionar i Sogn!
Godt for privatøkonomien
Då Ronja var ferdig med lærarutdanninga, bestemde ho og sambuar Eirik seg for å flytte heim til Kalvåg i Bremanger kommune. Sidan vesle Wilma kom til verda for to år sidan, samstundes som Eirik starta eige røyrleggjarfirma, rakk ikkje Ronja å begynne i jobb eingong.
– I dag kjem pedagogutdanninga godt med, fortel Ronja, som jobbar som lektor i 1–7-skulen Kalvåg oppvekst, med 39 elevar, SFO og ni tilsette.
– Vi har pussa opp eit eldre hus, og privatøkonomien har definitivt godt av at vi begge to jobbar lokalt i Bremanger, som òg er heimkommunen vår, fastslår Eirik, som blir supplert av Ronja:
– Her har vi absolutt alt vi treng, som treningssenter, restaurant og butikk rett utanfor døra, og så er det jo veldig lett å kome seg til Bergen, med snøggbåt frå Smørhamn. Vil du til Oslo, tek det ikkje meir enn éin time med fly frå Florø, seier ho, og legg til at kommunikasjonane er så gode at det er svært lett å kome seg til Florø, Måløy og Nordfjordeid frå Bremanger.
Det er i det heile ikkje så merkeleg at Ronja, Eirik og Wilma trivst så godt som dei gjer, for det er ikkje småtteri som ventar dei som buset seg i Bremanger. Éin ting er at unge som vel å satsa på bustaddraumen i Bremanger kan søkje om eit bustadtilskot på 200 000 kroner.
Dei som bur i Bremanger får óg sletta 25 000 av studiegjelda kvart år. Dette er ei statleg ordning for dei som ønskjer å bu i kommunar der naturen er stor og moglegheitene mange, men det stoppar ikkje der:
Nytilsette i kommunen får 30 000 kroner dei fem første åra, som ei hjelpande hand på vegen til å slå rot og trivast. Her er kva kommunen skriv på godebremanger.no:
«Om du arbeider som lærar, sjukepleiar eller vernepleiar så får du faktisk endå meir i tilskot. Her er du verkeleg verdsett!
Vi gjev deg rom til å skape ditt eige liv i vår vakre kommune. Er du klar for å bli ein del av eit fellesskap der både naturen og menneska inviterer til eventyr og utvikling? Då ventar Bremanger på deg!
Perfekt for barn og unge
Ein skulle kanskje tru at dette var alt, men faktum er at kommunen har meir å by på, spesielt for barnefamiliane. I Bremanger får du nemleg gratis barnehageplass, uavhengig av barnehageval, og: Det er ingen ventelister! Det borgar for ein trygg start for dei små, i tillegg til litt meir pusterom i kvardagen for dei vaksne.
På toppen av dette får alle barn og unge mellom seks og 18 år i Bremanger tildelt eit fritidskort med ein verdi på 2 200 kroner i året, som gjer det lettare å bli med i idrett, på kulturskulen eller i andre fritidsaktivitetar.
Også i Bremanger er det stort behov for helsepersonell. For å møte den utfordringa tilbyr kommunen gjennom bemanningsbasen fleksibel turnus, reisetilskot og rimeleg bustad medan du jobbar der. Det er med andre ord ingen krav om å flytte til kommunen, sjølv om du sjølvsagt blir teken imot med opne armar om du vel det!
I bemanningsbasen får du varierte arbeidsdagar og god kvile mellom vaktene, i eit landskap du neppe gløymer med det første.
Både Ronja og Eirik, som er i slutten av 20-åra, seier at den gode økonomien, dei låge bukostnadene og dei gode lokale vilkåra gjer at dei lever meir fritt i Bremanger.
– Lønna i det offentlege er som i landet elles, men i privat sektor er ho nok ikkje heilt den same. For oss slår totalen likevel veldig gunstig ut, forsikrar Ronja.