Hjem » Festivalguiden » Velkomen til ei unik veke for alle på Voss
Sponset

Kom til Voss og kjenn på vinden, vatnet og fjellet. Her i vakre Vossabygda kan me ynskje velkommen til Ekstremsportveko siste veka i juni – ei veke laga for fart og spenning, familievenlege aktivitetar, mykje god musikk og fantastisk stemning.

Festivalen går av stabelen for 25. gong med artistar som Matoma, Kamelen, Nico & Vinz, Lemaitre, The Original Wailers, lokalt stjerneskudd Michelle Ullestad og rappernes hip-hop favoritt Jonas Benyoub. Men det er meir til denne festivalen enn god musikk og fantastiske sportsbragder. Sjølv om festivalen i si tid starta ut for å vere for ekstremsportutøvera har den vekst til å bli så mykje meir.

Inkluderande festival

I fjor hadde me for fyrste gong ein eigen para-klasse i Noregscup downhill skateboarding, og me skal for tredje gong ha pride-markering. Me har au eit tilbod som heiter «Ekstrem eldrebuss» som er for dei eldre, der dei kan bli med på ein busstur rundt på dei ulike sportsarrangementa og oppleve dei som tilskodar. Turen vert avslutta med middag og kaffi i festivalområdet.

Her skal alle føle seg velkomne. Me jobbar for at alle kan delta på sitt nivå og kunne ta del i denne fantastiske opplevinga som Ekstremsportveko er. Me ynskjer at andre skal få den same gleda og meistringa som me får. Her på Ekstremsportveko inviterer og oppmuntrar me dei besøkande til å prøve ut sportane sjølv.

– Her har me noko for alle, frå småungar til bestemor til toppatletar til menneskjer med nedsett funksjonsevne, seier Aud Helen Singstad, prosjekt- og marknadsleiar.

Foto: Max Neurauter

Familievenlege aktivitetar

På Ekstremsportveko finn du alt frå dei mest fartsfylte konkurransane til svev i seglfly som berre kitlar litt blidt i magen. Det er og opent for leik i aktivitetsparken, og du kan bade og oppleve fine stølsturar i Vossafjella.

– Det vert mykje kult å sjå på. Me har blant anna fått tilbake publikumsfavoritten Swoop Show i programmet. Mykje av sportsprogrammet kan du sjå heilt gratis, og mange av aktivitetane våre er lågterskel med «TRY it»-nivå for deg som er heilt uerfaren og vil prøva ut noko nytt.

Over 30 konkurransar på ei veke

Sportsprogrammet byr på mykje heftige konkurransar både for atletar og publikum, med blant anna konkurransar i elvekajakk, dødsing, urban utforsykling, deep water solo og Noregscup seglflyging og longboarding.

– Longboard er alltid spennande å sjå på, og i år har me flytta konkurransen i gangavstand til festivalarena. Der me skal for andre gong ha para-klasse, under Noregscup downhill skateboarding i Giljavegen, fortel Singstad.

For om du har ei nedsett funksjonsevne, så vil Ekstremsportveko forsøka å leggja til rette for at du og kan delta i aktivitetane på lik linje med alle andre.

– Me har og eit program i Flåm der du som luftsportsutøver kan hoppe inn i verdsarv natur og som publikum kan du bli med ut i båt på Nærøyfjorden og få sjå alle skjermane med atletar som kjem flygande over fjorden frå fjell og fly, seier Singstad.

Foto: Joar Grimstad

For barn og ungdom

Aktivitetsprogrammet har mykje å by på for barn og unge. Alt frå sykling på fine grusvegar til utforsykling og pumptrackbane i Myrkdalen. Det er og anledning til å prøva seg i vindtunnel, padling og skateboarding, eller kva med familierafting eller ein klatretur i klatre og ziplineparken, gjerne kombinert med eit bad.

– Me har og TRY longboarding og TRY dødsing for dei som har lyst til å prøve noke nytt, smilar Singstad.

Ta kollektivt til Voss

Den vakre Vossabygda når du med bil, buss og tog. Vel du toget eller buss, vert du sett av midt i sentrum, berre nokre steinkast frå Prestegardslandet der all moroa skjer.

– Alle aktivitetane våre skjer rundt omkring i bygda, maks ein times veg unna. Mykje har gangavstand frå sentrum, noko har vi busstransport til. Eller du kan sykle om du vil, ler Singstad.

På festivalområdet i sentrum kan heile familien oppleve musikk og morosame aktivitetar, bading og leik. Her er også kort veg til Gondolen som tek deg opp på fjellet på ein augneblink.

Me håpar at du har lyst til å vera med, anten som frivillig, deltakar eller publikum. Saman skal me syta for at det vert skikkeleg folkefest. La Ekstremsportveko bli din sommarflørt i år. Kom til Voss 25. juni til 2. juli!

Bli frivillig

Som den største ekstremsportfestivalen i verden, tilbyr Ekstremsportveko et bredt spekter av muligheter for alle som ønsker å få en helt spesiell opplevelse innen feltet.

Neste artikkel